Følg oss på facebook
Basse in English

Basse – ein trøndersport (Bjørn Sørenssen)

En artikkel skrevet i Årbok for Trøndelag, 1981. Av Bjørn Sørenssen.

Av Bjørn Sørenssen
Årbok for Trøndelag 1980
Trondheim 1980:Trønderlaget ISSN 033-0419

Medan eg skriv desse linjene er det vår, og da eg sykla forbi Lilleby skole på veg til arbeid i dag, kunne eg med lette konstatere at med våren i Trondheim, kjem også bassen. Med jamnvekt på begge stavingane. I skolegarden er basserutene tatt i bruk og ein svart to-rings basse er på veg mot den berykta “dauruta” og rett etter stig den gamle kontroversen som eit hylekor opp mot vårhimmelen: “Blakka på daurut!” “Nei! Det må du sei først!” “Tosk! Det e ailltid blakka på daurut!” Og så bortetter til naseblodet flyt eller skoleklokka ringer. Eg syklar vidare eg veit at det enno fins faste haldepunkt i tilveret. Dessutan er det alltid blakka på daurut. Skulle berre mangle. Elles vart ein vel aldri ferdig.

Bassespelet, denne edle sporten, som saman med skotthyll er Trøndelags største gåve til den norske idrettsfloraen, er diverre også eit blankt kapittel i den norske idrettssoga. Så vidt eg veit, fins det førebels ikkje noke skriftleg materiale om basse, samstundes som eg i godt lag saman med andre trondheimsfolk ofte opplever at samtalen tar seg kraftig opp når ein kjem inn på dei innfløkte uskrivne bassereglane: her er alle like store autoritetar. Det blir mykje prat om at slik gjorde vi det på Lamon og slik på Byåsen, men enno har ingen tradisjonssamlar tatt på seg å få orden i dette digre tilfanget. Artikkelen er meint som ei utfordring til alle bassevenner i Trøndelag om å få fart i dette arbeidet og eit førebels første steg innafor ei ny forskningsgrein: bassevitskapen.

Først til sjølve gjenstanden. Ein basse blir laga av ringar som blir klipte opp av gamle sykkelslanger (vertikale snitt) som så blir bundne saman på ulike vis. Den enklaste forma er ein einringsbasse som på skap kan minne om ein smultring alt etter kor stramt ein knyt hyssingen. Einringsbassen er for småungar og nybyrjarar og klippsnittet på ringane er grovt. Den vanlegaste forma for basse er toringsbassen eller ein litt meir avansert modell basert på det same prinsippet, treringsbassen. Prinsippet for toringsbassen er to einringsbassar tredd i kvarandre. Problemet blir da å sjå til at bassen kjem i jamvekt, noko ein gjer ved hjelp av ulike samanbindingsmetodar. Ringsnittet skal vere så fint som mogleg, hyssingen skal vere stram, men ikkje for stram. Den ideelle toringsbassen skal minne om ein luftig ball og gje ein lett sprett ved tilslag. Det er viktig at knyttinga blir gjort skikkeleg. Det pinligaste ein basseeigar kan komme ut for er ein basse som går i oppløysing under spelet. Slikt blir ikkje gløymt så fort. Talet på spelarar kan vere frå to og oppover til tjue. Ein blir rådd til å haøde talet på spelarar under ti om ein skal ha noko håp om å få spele ferdig ein omgang innafor rimelig tid. Kvar deltakar lagar seg så kvar si rute med hjelp av krit, stole frå skolen, eller ein stein om underlaget er asfalt, hælen om underlaget er grus eller jord. (Eg skal ikkje her kommetere nærare dagens praksis med å sy putar under armane på den oppveksande generasjon i form av ferdigmåla basseruter i skolegardane).

Ei rute er i basseterminologi ein sirkel. Eg skal freiste å gje ei historisk forklaring på denne geometriske forvirringa lenger ute i artikkelen. No om ruta og konstruksjonen av ho: Spelaren freistar etter beste evne å konstruere ein så perfekt sirkel som mogleg med ein diameter på frå 1 til 1,5 m. På grusunderlag greier ein dette best ved å plassere den ein foten i sentrum og leike passar med beinet. Når dette er gjort, blir rutene sammenlikna og dei som er uakseptable, korrigerte. Det vanligste avviket kaller ein for eggrute, eit avvik som kan tolererast innafor visse, ikkje heilt definerte grenser. I regelen blir ein fort samde.

Så byrjer spelet. Målet er at ein ved hjelp av hovud, bein og bryst skal sjå til å få bassen plassert i ein av motstandarene si rute og sjå til at bassen ikkje hamnar i eiga rute. Til den første fasen i spelet, opplegget, er det knytt nokre viktige reglar: Den som legg opp, d.v.s. sett bassen i spel med foten, er nøydd til å sende den opp i ei bestemt høgd. Dei fleste stader i Trondheim er denne aksepterte høgda knehøgd. Ein informant frå Nonnegata påstår at han på Tyholt ein gong hadde kome i krangel med nokre gutar der som hevda at opplegget skulle gå i taskhøgd. Det har ikkje vore mogleg å få denne påstanden verifisert frå Tyholt-hald.

Vidare skal opplegget gjerast med eitt spark på bassen. Etter at bassen har komme i knehøgd og spelet er i gang, kan den einskilde “gå med bassen”, eller, som det retteleg heiter i terminologien, “vepp”. “Veppinga” skjer ved at ain held bassen i lufta med spark, knestøyt, headingar og bryststøyt med ein går mot motstandarane sine ruter.

Det er ikkje tillate å gå inn i ruta til den andre. Målet er så å legge inn bassen i ruta til ein motstandar, det blir da rekna som eit “mål” mot denne. Den som forsvarar ruta si har likevel lov til å gå ut av ruta for å hindre innlegg. Men det er ikkje særleg lurt å gå alt for langt ut av eiga rute, da ein kan risikere ein lobb over seg og ned i ruta.

Etter at bassen har hamna i ruta til ein av spelarane, blir status for omgangen gjort opp. Før spelet startar, blir spelarane samde om kor mange “mål” som kan tolas før ein må gå ut av spelet, eller blir blakka. Heiter det t.d. “blakka på fem”, må den som har fått fem “mål” mot seg gå ut. Etter kvart vellukka innlegg blir det så ropt opp kva stoda er, t.d.: 3-3-1-0-4. Knehøgdregelen gjeld ikkje når nokon skal legge inn etter at bassen har komme i spel. Det perfekte innlegget er lågt og hardt. Som i andre ballspel, gjelds det også her å finte ut motparten på førehand. I likskap med fotball er korkje hands eller angrep i kroppen på motstandar tillate. Både desse syndene blir straffa med ein straffer.

Det fins ulike reglar for strafferen. I Strindheimområdet var dette vanleg på slutten av 50-talet: Den som strafferen er dømd mot, skal stå bakerst i eiga rute, den som skal ta strafferen, skal stå fremst i si. Han står med samla bein, legg bassen på vrista og skal så freiste å lempe bassen, lågt og hardt, inn i ruta til “syndaren”. Odds for at det skal lykkas å hindre at det blir mål, er nok betre enn i handball og fotball, ca. 50/50.

Når ein av spelarane er blitt blakka og går ut av spelet, blir ruta hans daurute. Og her finn vi den evige krangelen blant bassespelarar: “blakka eller ikkje blakka på daurute?”. Blakka på daurute tyder det same som at om ein er så uheldig å spele bassen den i dauruta, må ein gå ut av spelet same kva resultat ein har frå før. Somme stader er det vanleg å innleie spelet med å seie t.d. “blakka på fem og blakka på daurut”. Andre stader er det sjølvsagt at det er blakka på daurute, slik at det ikkje trengs å nemnast særskilt. Ein finn også stader der regelen om blakke på daurute ikkje gjeld, og ein basse som hamner i dauruta her, gjer berre eitt mål mot den som har spela han. Fordelen med blakka på daurute er at det aukar risken for å gå ut av spelet, samstundes som det gjer sitt til at ikkje omgangen blir alt for lang.

“Finalen” i ein omgang basse er to gjenverande spelarar med dauruter på alle kantar. Da er det ikkje nokon fordel å ha opplegget, noko som resulterer i at motstandaren kjem på offensiven. Den som står att til slutt, er vinnaren av omgangen. Ein kamp kan reknast over eit ugrensa tal slike omgangar, t.d. hadde vi ein høst på realskolen (i Trondheim) ein kamp som gjekk over fleire månader med to omganger kvart frikvarter.

Regelverket i basse er uskrive, men stort sett nokså klart, når ein gjer unntak for kontroversar som “blakka på daurut”. Kroppstaklingar endar med straff, mens eit anna, mindre brott på regelverket, stamp (d.v.s. å nytte undersida av foten mot bassen) berre fører til annulering av eventuelle innlegg.

Opphav og spreiing

Med omsyn til teorier om opphavet til bassespelet, finn basseforskinga i dag seg på omlag samme nivå som eventyrforskinga ved byrjinga av førre hundreåret. Uvissa er stor, og sjølv dei mest fantasifulle hypotesane gjer krav på å bli tatt alvorleg. Ein teori (munnleg) har vore å sette den bakre grensa for opphavet til bassespelet til oppfinninga av sykkelslangen.

Det kan jo verke som ein høveleg og materialistisk vel fundert teori, men den blir svekka av at bassen ikkje alltid har vore ein sykkelringbasse, slik vi kjenner han i dag. Sykkelringbassen er i stor monn eit resultat av velstands-samfunnet – i gamle dagar vart sundkjørte og punkterte sykkelslangar lappa framfor at ein kasserte dei og nytta dei som råståff til å lage bassar av. Ein eldre informant kunne fortelje at den vanlegaste forma for basse i åra etter første verdskrigen var luer eller vottar som var hoprulla.

Frå den same informanten (frå Tempe) har vi også ei opplysning som kastar lys over det etymologiske problemet kring omgrepet basserute – den einaste ruta som blir definert som ein sirkel. Han kunne fortelje at basseruta på Tempe i 20-åra verkeleg var ei rute – kvadratisk. Av ymse årsakar, informanten meinte det var latskap, gjekk forma over til å bli ein sirkel, mens ein heldt på det opphavlege namnet, rute. Årsakane til denne endringa kan ha vore fleire – ei rund basserute er lettare å forsvare enn ei kvadratisk, samstundes som ho også er lettare å streke opp.

Sjølv hellar eg mest til ein teori som sett opphavet til bassespelet i samband med innføringa av fotballspelet i Noreg. Det skulle igjen tyde at vi kan datere spelet til omkring hundreårsskiftet. Dei mange likskapane mellom basse og fotball i regelverket tyder på at reglane i basse i stor monn er eit lån frå fotball. Vidare kan ein jo tenke seg at spelet har vorte til som resultat av plassmangel og forbod mot ballspel, t.d. i skolegarden – og endeleg det økonomiske argumentet i at hoprulla vottar eller luar var mykje billigare enn ein ekte “football” i lær.

Teorien om opphav i samband med fotball blir ellers understreka av at leiande fotballspelarar i Trondheim også alltid har vore kjende som eminente bassespelarar – “veppinga” til Odd Iversen går det enno gjetord om i Bispehaugen/Rosenborg-området. For min eigen del, er eg ikkje i tvil om at gjennombrottet til “troillongan” i norsk fotball i 1960 hadde ein klar saman-heng med det høgt utvikla nivået på bassespelet i det same området nokre få år før.

Kjem vi til spørsmålet om spreiing, er dette enda meir innfløkt enn teoriane kring historikken. Det første vi kan slå fast, er at sentrum for tradisjonen ligg i Trondheim. Frå dette sentret har så spelet spreidd seg ut over Trøndelagsfylka. Men det synes som om tradisjonane her har vore meir vekslande, noko som kan vere eit resultat av at tradisjonsspreiarane i all hovudsak har vore bygutar som har teke med seg spelet “i eksil”. Vi kan såleis høyre at det til dømes har vore spela basse på ein plass ei kort tid, men at tradisjonen ikkje har levd vidare. Vi vonar at lesarane kan hjelpe til med å gje informasjon om spreiing av basse i område utafor Trondheim.

Folk i frå Mo i Rana kan fortelje at det også har vore spela basse der, noko vi vel kan sette i samband med tilflytting av trondheimsfamiliar med tilknytning til Norsk Jernverk. Ein naturleg overgang frå Namdalen/Helgelandsområdet verkar ikkje sannsynleg, da vi (førebels?) ikkje har nokon bassetradisjon å vise til i dette området.

Variasjoner i regelverket

Innafor sentrum for bassetradisjonen, Trondheim by, er det store variasjonar i tradisjonen frå bydel til bydel, noko eg alt har vore inne på. Til dømes gjeld dette dei ulike oppfatningane om “blakka på daurut”. Vi finn også ulike reglar med omsyn til utføringa av “straffer”. Eg har alt nemnd kva som var gjengs praksis frå Strindheim-området: eksekutøren fremst i si rute, “offeret” lengst bak i si, ein låg “læmp” inn i ruta. På Byåsen hadde dei noko dei kalla “straffer i knehøgde”. I denne varianten stod båe i ruta til den som “strafferen” skulle takast mot, i kvar sin ende av ruta. Den som tok “strafferen” måtte da sjå til at den vart lagt opp i knehøgd. Eg har ikkje sett døme på denne praksisen, men eg synes det verkar som om slike “strafferar” gjev “offeret” vel store føremoner.

Eit særleg omgrep, “oppen”, har så langt eg har vore i stand til å røkje etter berre eksistert i Rosenborg/Bispehaugen-området. “Oppen” var siste sjanse for den som var blitt blakka. Han fekk da retten til å legge opp bassen ein siste gong. Om det da var nokon som spela bassen tilbake og han greidde å skåre på ein annan, fekk han rett til å halde fram i spelet. Det heile var såleis avhegig av at ein hadde gode kameratar igjen i spelet. I likskap med “blakka på daurut”, var det vanleg å bli samde om “oppen” på førehand, ein pleia da å seie “oppen ein” eller “oppen to”, alt etter som det skulle gjevast ein eller to slike sjansar.

Frå ein informant frå Steinkjer har eg fått vite at ein der spela “lagbasse”, der tre eller fire på lag spelar mot eit anna lag. Det blir laga ein strek som skil områda til dei to laga og kvar einskild spelar lagar si rute på den sida av streken som høyrer til laget. Skåring på kvar einskild spelar blir da rekna som skåring på heile laget. Kunne det vere usemje om regelverket på ulike stader i Trondheim, var det i det minste semje om ein ting over heile byen: basse var eit spel for gutar. Eg kan aldri hugse å ha opplevd å sjå ei jente i ei basserute. Med gjennombrotet for jentefotballen i Norge i dei siste fem-seks åra er eg spent på å få sjå om også dette skulle kunne gjere seg gjeldande innafor bassen.

Ver med å ta vare på bassetredisjonen!

I innleiinga sa eg at denne artikkelen berre var meint som eit første bidrag til ei tradisjonssamling som diverre ikkje er kome riktig i gang enno. Eg veit at det i Trondheim, og for den saks skuld også omkring i Trøndelag, sitt folk stinne av bassekunnskap som så langt ikkje har fått komme ut med det dei veit. Derfor vil eg avslutte med å oppmode lesarane å sende stoff om bassespelet inn til redaksjonen av “Årbok for Trøndelag”. Det som er av særlig stor interesse er

1. Omfanget av bassetradisjonen i Trøndelag utafor Trondheim. Har det vorte spela basse andre stader enn Trondheim, Orkanger, Steinkjer og Mo? Finst det interessante variantar av spelet utafor Trondheim?

2. Historikk. Når kom sykkelringbassen? Særlege variasjoner i spelet før i tida.

3. Bassespelet i dag. Nye reglar? Er jentene med i dag?

Bassen er eit trøndersk fenomen som har vore skammeleg neglisjert fram til no. Eg vonar at denne lille artikkelen kan vere med på å hjelpe til at ein no tek bassetradisjonen så pass alvorleg at ein får delar av den på prent.

Gjengitt med tillatelse fra forfatteren.
Skrevet og på lagt nett av Lars Haugdal Andersen / www.basse.no

    skrevet av lars Kommentarer (7)

    7 Kommentarer

    1. Einar. says:

      “Ein eldre informant kunne fortelje at den vanlegaste forma for basse i åra etter første verdskrigen var luer eller vottar som var hoprulla.”

      At en “basse” i nord-sverige er en sammenrullet lue kan tyde på at navnet kommer nettopp av at man opprinnelig spilte med slikt.

    2. Lars says:

      Dette er bra info Einar. Har du lenke til noen sak om dette, feks?

    3. Einar says:

      Husker ikke helt, men tror det var en kompis (her i Stockholm) som har slekt der som påpekte det.

    4. Audun Åby says:

      Vi spilte mye basse i Levanger da jeg gikk på folkeskolen på 60-tallet. Vi tegna opp ruter på asfalten i skolegården, og det var stor gjenbruk av gamle sykkelslanger.

    5. Magne Olsen says:

      Jeg var pa begynnelsen av 80 arene i Marokko og pa den sakalte hippistranda spilte ungen basse!
      Var nok ein par hippier fra trondheim pa besok der!

    6. Bård Anders Harang says:

      I en samtale med en fetter ble det klart at det hadde skjedd en endring i begrepet for rutenettet i løpet av årene mellom meg (født 1939) og ham (født 1947).
      I min tid var rutenettet omhyggelig tilmålt med et antall skolengder (hæl mot tå på langs og litt rotere på tvers. Jeg husker ikke hvor mange skolengder det dreide seg om, men lengden var omkring 5 meter og bredden ca. 4 meter. Så ble banen delt på langs og tvers slik at man satt igjen med fire rektangler, hver på omkring 2,5 x 2,0. I krysset mellom midtlinjene ble det lagt inn en kvadratisk daudrute, sidelengde omkring 60 cm. Daudruten var orientert 45 grader i forhold banen.
      Så tok latskapen overhånd, og min 7-8 år yngre fetter var med på å gå over til sirkler. De var enklere og raskere å tegne opp enn det opprinnelige opplegget.
      Interessant er det sirklene fortsatt ble kalt ruter. Det tror jeg de fortsatt gjør.
      Den beste bassen ble helst laget av slanger med mellomdiameter. Ballongslangebasser ble for løse.
      Det finnes visstnok et “vedtatt” diametermål på sirklene, men jeg finner ikke skriftlige data på dette.

      • lars says:

        Interessant, Bård A! Hadde vært særs moro med noe skriftlig bakgrunn for både denne inndelinga av ruter, og diametermål på en optimal basseslange…
        Også bilder, men det er vel kanskje å forvente for meget.. 🙂

    Kommenter

    (Navn og e-post er påkrevd)
    Navn
    E-post
    Nettsted
    Din kommentar


    Hvordan får jeg bilde ved kommentaren min?
    For å få ditt eget ikon når du kommenterer på en artikkel må du lage en konto på gravatar.com. Dette er en gratis-tjeneste. Du bruker epost-adressen din du har registrert hos gravatar.com når du kommenterer her og ikonet ditt dukker opp automatisk. Overalt der de bruker gravatars!